10 Sundagskveld

(1855)

Du Sundagskveld, du Sundagskveld,
du er daa alltid min beste Kveld.
Du ljose, blide Sundagskveld,
du er daa min kjæraste Kveld.
Naar Ungdomen sankast or Bygdi her ned
til Gaman og Song etter gamall Sed,
til Dans og Sprang paa den grøne Vang,
daa fell ikkje Stundi lang.

Dei Bygdarfolk, dei Bygdarfolk
dei hava so strævall ein Sumars-Bolk.
Dei Bygdarborni lengta so hardt,
at Helgi ho koma skal snart.
Dei faa ikkje Stund til aa koma i Lag,
naar ikkje det hender ein Heilagdag;
dei faa ikkje Tid ei einaste Rid,
so lenge som Vyrka lid.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.