11 Dei træla, dei træla

(1855)

Dei træla, – dei træla
fraa Morgon til Kveld, ja dei træla.
Dei stræva, – dei stræva,
det varer um Alder og Æva.
Dei freista alt, som dei kann vinna,
dei sanka alt, som dei kann finna.
Ja dei leita, – ja dei leita
etter alt det, som Vinningar kann heita,

Dei grava, – dei grava
i Berg og i Myr, ja dei grava.
Dei byggja, – dei byggja
paa Hus og paa Veg og paa Bryggja.
All Jordi, trur eg, dei vil jamna;
all Malmen, trur eg, dei vil samna.
Ja dei emna, – ja dei emna
paa so mangt, som eg inkje veit aa nemna.

Dei kappast, – dei kappast;
som Hunden um Beini dei nappast.
Dei strida, – dei strida;
eit Hefte vil ingen Mann lida.
Sin Skatt vil alle med seg føra
igjenom den endelause Røra;
til dei stupa, – til dei stupa,
og til andre kjem i Staden til aa krjupa.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.