12 Me skal koma, um inkje so braadt

(1855)

Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru.

Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.