13 Den tyngste sorg og møda

(1855)

Den tyngste Sorg og Møda
er den, som ingen ser;
det verste Mein aa grøda
er det, som inkje ter.
Aa, sæl er den, som klaga fær
og ventar Hjelp og Raad,
mot den, som løynleg’ draga fær
og ottar Spott og Haad.

Det var ein Draum eg drøymde,
den Draumen var so blid;
slik Hugnad hev’ eg aldri
kjent fyrr i all mi Tid.
Eg drøymdest paa ein Blomstervoll,
og Soli skein so bjart;
eg vaknad paa ein Øydeholm,
og Himmelen var svart.

Den Draumen lyt eg løyna
og læsa i min Barm;
og trutt skal Barmen tegja,
kor saart han svell av Harm.
I Song skal han faa letta seg
og i ein Taareflaum.
Far væl, far væl du væne Draum,
du alt for væne Draum!
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.