14 Seg berlegt, kor hugen stemner

(1855)

No er det Tid, at du Ordet nemner
og segjer berlegt, kor Hugen stemner;
og kvik og modig du vera maa,
det vil ei Gjenta so gjerne sjaa.

Og lat so inkje all Voni fara,
um inkje Gjenta so braadt vil svara;
for slik ein Spurnad er alltid dryg,
og helst naar Vækja er ung og blyg.

Men hev’ ein fyrst fenget Rom i Barmen,
so fær ein ogso eit Rom i Armen.
D’er stundom, ingen um Elsken veit,
og endaa er han baad’ varm og heit.

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.