15 Sveinkalla-Visa

(1859)

Lang er Natt og Dag.
Skal eg utan Lag
alltid sovna, alltid vakna?
Langt er kvart eit Aar,
lang er Haust og Vaar,
lengst er Vettren deim, som Sellskap sakna.

Vist eg hev’ ei Fru,
som eg kallar Du,
men ho høyrer vist til Draugom,
utan Maal og Mod,
utan Kjøt og Blod.
Aldri fær eg henne sjaa med Augom,

Ris eg av mitt Bol,
seer den fagre Sol
med ein fager Dag uppstiga,
daa eg tenkjer so:
Giv du var her no,
aa, kor huglegt skulde Dagen siga!

Gjeng eg paa ein Veg,
tenkjer eg med meg:
Giv no du gjekk ved mi Sida;
fylgde du meg ut,
gløymd’ eg all mi Sut;
aldri nokot vondt eg tyktest lida.

Kjem eg av ei Ferd
i den vide Verd,
tenkjer eg med meg einsaman:
Giv du no var nær,
ventande meg her,
daa fyrst av mi Ferd eg hadde Gaman.

Alt eg hever seet,
alt eg hever frett
der eg daa kom til at dvelja!
all mi Reiseferd
er forutan Verd,
naar eg inkje derum fær fortelja.

Mang ein Hugnad stor
paa Guds fagre Jord
seer eg, fegjen og forviten;
endaa er det leidt,
alltid vantar eitt,
alltid vantar Livet rette Liten.

Er det Sumarkveld,
blenkja Fjell som Eld,
speglar Landet seg i Sundet,
sovnar Livet gladt
i den ljose Natt:
endaa er mitt Hjarta saknad-bundet.

Er det Morgonstund,
Fuglasong i Lund,
Sol og Ljos paa alle Kantar,
Eng av Blomar full
glitrande som Gull:
endaa er det nokot, som meg vantar.

Er det Middagstid,
straalar Soli blid,
kransar alt med stutte Skuggar.
stend alt Land i Glans,
gjeng alt Liv i Dans:
endaa vantar det, som Mannen huggar!

Og um Vedret vardt
helder nokot hardt,
kom her Skur med Skyer svarta,
kom her Storm og Brak,
brotnad’Vegg og Tak:
ja, daa vantad’ det, som trøyster Hjarta.

All den Lyst, ein Mann
ei fortelja kann,
er daa liti Lyst at kalla.
All den Sorg, ein maa
alltid tegja paa,
vil daa alltid tvifald tung oss falla.

Tidt eg tenkte so:
Eitt skal verda no;
slikt eg inkje meir vil lida.
Men min Lagnad log:
«Stopp, eg seer deg nog,
endaa skal du vist faa Lov at bida.»

Tidt eg tykte, som
Lukka til meg kom;
men det vardt ein stutter Fagnad.
Mang ei vinleg Von
vardt til berre Tjon.
Faafengt er at strida mot sin Lagnad.

Men som ingen seer
kvat vaar Framtid teer,
kann det endaa myket heppa.
Medan Liv og Mod
er i Mannsens Blod,
skal han aldri sine Voner sleppa.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.