16 Gamla Voner

(1859)

Giv det var so vel, eg raadde
fyr’ ein Flekk av denne Jord,
berre som ein Teig, som naadde
femti Fot ifraa ein Fjord.
Var det vel for stort eit Rike
til at faa i huglegt Stand?
Langs med Fjordom tusund slike
finnast i vaart fagre Land.

Der mi Stova skulde stadet
med ei liti Bud attaat
og eit Naust paa nedste Svadet,
stort nog aat ein liten Baat.
Paa den blanke væne Viki
foor eg ut paa Gamanferd;
der er Veg til alle Riki,
til den store, vide Verd.

Stova stod paa Steinar fjore
tekt med Torv og grøne Gras;
midt i Taket var ein Ljore,
midt i Veggen var eit Glas.
Naar daa Soli gjenom Ljoren
inn paa øvste Veggen skein
og gav Atterskin paa Floren,
skuld’ eg gløymt all Heimsens Mein.

Ut paa Veggen under Take
slog eg upp ei Fjøl paa Sneid;
kanskje Sporven med sin Make
kom og bygde der sitt Reid.
Gjorde Staren meg den Æra,
at han paa mitt Møne kvad,
eg av honom vilde læra
rett aa vera kvik og glad.

Vist i Grendi hjaa ein Kjenning
fekk eg Bær av Raun og Hegg
elder og ein liten Renning
til at setja ved min Vegg.
Inkje mange Aar det skilde,
fyrr en Heggen Blomar bar.
Fekk eg saatt den Tid, eg vilde,
no han longo vaksen var.

Aa, det var ein ovleg Fagnad,
saag eg Skog um eigen Vegg.
Ja, det var ein ljoser Lagnad,
saag eg Blom paa eigen Hegg.
Sat eg der um Sumardagen
millom Gras og Lauv og Blom
under Fuglasong i Hagen,
skuld’ eg gløymt all Naudardom.

Men det, Mannen mesta vonast,
fær han stundom minst utav.
Tidt hans lengste Tid maa tjonast
burt i berre Stræv og Kav.
Fram han ror med skakke Stamnar,
stridande mot Vind og Straum,
og naar so til sidst han hamnar,
seer han, at hans Von var Draum.

Men eg likar slike Draumar,
for dei gjera Hugen god;
gjenom lange Motburds-Straumar
styrkja dei ein Stakars Mod.
Heimlaus, harm og nederslegen
etter slike Tap og Tjon,
lyt eg endaa vera fegen
av mi gamle, tapte Von.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.