17 Vanvyrdnad

(1863)

Det gjeng so ymist til i Verdi;
her er so mangt at undrast paa.
D’er tvo, som gjera same Gjerdi,
men aldri same Vyrdnad faa.
Den eine fær seg Ros og Mæta,
og hin fær helder Last og Skam;
den eine gjeng i Lyst og Kjæta,
og hin fær aldri Foten fram.

Me undrast paa, me sjaa so mange,
som faa sin Lut av alle Ting;
me standa faste som ein Fange,
men andre leika rundt i Kring.
Den Skatt, som høver til vaart Tykke,
den maa me venda Hugen fraa;
det var for godt, so fagert Stykke;
det kjem av di, me er for smaa.

Naar arme Hunden kjenner Angen
av Kjøtet paa det varme Fat,
daa lyt han halda Hugen fangen
og venta paa ein verre Mat.
Daa er det best, han snur seg fraa det;
han fær so aldri det, han vil.
D’er best, han aldri tenkjer paa det
og aldri veit, at slikt er til.

Naar so me verda undan trengde,
der Flokken finner Sessen sin,
og naar me verda utestengde,
der alle hine sleppa inn,
daa er det best at inkje sukka,
men helder so laast inkje sjaa;
for skal ein harma seg og mukka,
so fær ein berre Spott attpaa.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.