2 Sveinkallvise

(1847)

Ein Ting he e tenkt paa lengje,
e vil aldri gifte me;
d’æ so maange vakre Drengje
so’ he reint forgripe se.
D’æ so maang ei vakker Gjente,
so’ va glad naar ho sto Brur;
men de’ vart kje so’ ho meinte,
difyr vart ho ill aa sur.

Kven du høyre vil aa spyrje,
so’ i den Stand komen æ:
Bid de, du maa inkje vyrje,
d’æ kje anna te Fortræ.
Sume seie: ha e vore
like kloke før so no,
skulde e de’ reint forsvore,
daa e havt baa Frid aa Ro.

Den so’ gjeng sin Veg aaleine,
han fæ vandre so’ han vil;
han fæ gjere so’ han meine,
[ingja Skjenning kjeme til].
Han fæ klæ se so’ han lika,
ét’ aa drikke slikt han vil.
Ingjen æ so’ ette kika,
um han tek ein Bite til.

Den so’ styre Hus aaleine,
han kann styre so’ han vil;
slepp aa spyrje kva dei meine,
naar ei Seng ska lagast til.
Han kann hjelpe gode Vene,
ingjen kjem aa seie Stopp,
han kan gjøyme de’ han tene,
ingjen kjem aa grev de’ upp.

Endaa vil e aldre love,
at de’ inkje hende ska;
einsleg vakje, einsleg sove
æ kje helder alt so bra.
Ingjen bryr se um din Skade,
ingjen kjærleg Smil du fær,
alle Folk æ like glade,
naar du kjem aa naar du fer.

D’æ daa sannaste te seie,
beggje Vilkaar vonde bli;
eitt æ reint ei faarle’ Greie,
hitt æ ingjen Hugna i.
Eitt æ so ein vert bedreijin,
hitt æ so ein verte lei;
difyr æ e like feijin,
enten e vert gift eld’ ei!
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.