23 Upp og ned

(1881)

Det hender seg so mangt i eit Aar elder tvau
og endaa myket meir daa i seks elder sjau.
Um tjuge Aar er allting skift um i annan Sed:
det nedste snur daa upp, og det øvste snur ned.

Du kjem til ein Gard, der du tyktest vera kjend,
du gled deg til aa finna den gode gamle Grend,
Men Grendi er snudd um; du finn aldri det du vil,
dei gamle Folk er burte, og ny’ er komne til.

Du minnest vel eit Andlit, som eingong log so lett,
og Kinni var so rundlagd, og Skallen fin og slett.
Men no er Skallen skrukkutt, og Kjaken er so skrinn,
og Merke paa Sorger hava gravet seg inn.

Du minnest ymse Gluntar, som eingong var so smaa,
du slapp aa vera bljug, naar du møtte deim daa.
No ha’ dei vordet store og lært aa vyrda seg;
dei vil vist ikkje no hava nokot Lag med deg.

Du minnest vel ein Unge, som ingen vyrde stort;
som syntest helder lagad til Vesaldom og Skort.
Men Ungen heve mannast og komet seg so braadt,
at han gjeng fram um hine, som vyrde honom smaatt.

So var det og vel andre, som fyrr var høgt i Pris;
dei allting hadde lagat paa Herremanns Viis.
Men Blomen heve blaknat; der kom eit Atterslag,
der vardt ikkje lenger so gilde Gjestelag.

So var det og so ymse, som saag paa Verdi blidt
og gleddest med dei glade og hadde Gaman tidt.
No ha’ dei vordet strenge; dei lika ingen Laatt;
dei tola ikkje høyra eingong ein Dansarslaatt.

Fyrr var det no so fyndigt um Fridomen rødt;
sjølvveldigt og fritt skulde Folket vera stødt.
No tru dei vist, at Folket er altfor myket fritt;
ein skulde helder hindra, at det ikkje kom so vidt.

Fyrr var det sagt, at alle fekk Lov aa tala trygt
um Landsens Stell og Styring; det var daa ikkje stygt.
No segja dei, det berre er Folk av høgre Stand,
som hava Rett aa røda og døma um sitt Land.

Fyrr var det sagt, at alle stod lika høgt i Verd;
ein skulde vyrda Mannen etter Dygd og etter Gjerd.
No er det helder Pengar, som gjera Folket gjævt;
dei rike skulde raada, og hine halda Kjeft.

Ei Stund det var ei Æra aa hævda Landsens Sed
i Tungemaal og Munntam og alt, som kom derved.
No lyt du fyrst i Skulen, og franske Namn du fær
paa Vegt og Maal og Klædnad, paa Koppar og paa Kjer.

Ei Stund det var i Vane aa syngja um sitt Land
og minnast gamle Tider og Landsens gode Stand.
No er det Skam aa rosa sitt Land i Song og Dikt;
d’er berre vaare Grannfolk, som hava Lov til slikt.

So er no allting utrygt; det vender seg so braadt,
det smaae verder stort, og det store verder smaatt.
Og det, som nyst var Æra, det snart kann verda Skam.
Kven veit kvat næst vil fylgja? Det gjeng so att og fram.

D’er endaa godt, at Storheimen sjølv er seg lik,
at Soli skiner jamblidt paa fatig Mann og rik,
at Havet fløder jamhøgt, og Jordi ligger kyrr,
og Bergi standa trygt, som dei hava stadet fyrr.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.