24 Fare vel, de gamle Tufter

(1887)

Skal det no vera sidste Gongen,
at eg kviler paa denne Stad,
her som i Skogen og Fuglesongen
tidt eg drygde so himmelglad;
her som eg saag i den ljose Vaaren
Jordi med Brudarklædnad paa,
og so den milde Himmels-Klaaren
speglad i Doggi paa Blomster og paa Straa.

So vil eg sjaa paa mitt gamle Gjenge
grant i den sidste stille Stund,
at eg kann minnast det vel og lenge
langt ifraa desse Berg og Sund.
Det skal eg minnast, naar Hugen vender
heimatter hit fraa ein framand Sveim;
der veit eg vist, – kvat helst som hender, -
at eg fær sakna min gamle gode Heim.

Fare daa vel, de gamle Tufter,
der eg kjende kvart Barn, eg saag!
Fare daa vel, de Berg og Klufter,
der som no Vegen til Grendi laag!
Fare so vel, de gode Frendar,
de som so ofta meg baud til Gjest.
Giv de faa Hugnad, som aldri endar,
giv de maa liva som lengst og so som best!
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.