25 Her er so mangei Vending

(1887)

Her er so mangei Vending;
det vendest alt so braadt.
Det kjem so mangei Sending,
som ingen hadde spaatt.
Naar Voni vaar er blidaste,
so kjem der Skifte paa;
naar Heimen vaar er fridaste,
so maa me derifraa.

Det var vel godt aa ganga
til Barneheimen stødt
og lata Hugen hanga
ved alt, som der var født,
og sjaa, kvat Lut av Lagnaden
den Ungdoms-Flokken fekk,
som her i største Fagnaden
med mange Voner gjekk.

Men Lagnaden vil driva
oss fort i Verdi ut,
der vidt i Kring me sviva
med kvar si eigi Sut.
Og koma me so farande
og Heimen atter sjaa,
so er der litet varande,
av alt, me tenkte paa.

So er daa all vaar Lukka
umskifteleg og kort;
me høyra mange sukka,
at Gleda flyr so fort.
Men millom alt, som vender seg
og hallar upp og ned,
der er vel eitt, som stender seg
og alltid varer ved.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.