26 Ferda-visa

(1887)

Kvi skal ein sitja som ein Fange
stødt med det gamle Sorp og Sot?
Verdi er vid, og Vegarne mange;
den, som vil fara, fær eingong Skjot.
Det gjenger Skutor med Segl og Eim
fossande fort ifraa Heim til Heim.
Staalhestar stynja, Kjerre-sloder dynja,
og Folkehopar rynja
fraa Heim til Heim.

Alle, som vidt um Land faa fara,
rosa dei Syner, som der dei sjaa;
leikande Minne, som lenge vara,
føra dei heim derutanifraa.
Ja, rik og væn er vaar vide Jord,
ymis i Skiftom i Sud og Nord.
Best var aa gjesta alle Land aa festa
i sin Hug det besta
i Sud og Nord.

Allstad kjem der ein Vaar og Sumar;
allstad skiner den same Sol.
Blomarne spretta, og Skogen brumar;
Fuglarne søkja sitt gamle Bol.
Det møtest Frendar paa framand Strand,
Helsingar ganga fraa Land til Land.
Skutorne skylja Barmen sin i Bylgja.
Berre lat oss fylgja
fraa Land til Land.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.