7 Stortinget

(1854)

Dagen er komen, og Mennerne møta,
dei som fraa Folket er kosne til Ting,
mangt vil dei hava te syta og bøta,
mangt er te greida um Landet i Kring.
Væl maa dei vega kvart Ynske, kvar Anken,
at det kann synast, um Trangen er sterk,
klaarna og skirna skal Aalmennings Tanken,
til han er buen aa ganga i Verk.

Lenge det laag som ei Natt yver Landet,
Tinget var tagnat, og Folket var fraa,
Aalmenningshugen var sovnat i Bandet,
giv han maa aldri meir sova som daa!
Tiderne vendest, og Folket var vaknat,
reist or si Lega og løyst or sitt Band,
Myket var ugjort, og Myket var saknat,
lenge det leid, fyrr en alt kom i Stand.

No er det Von til, at Verket skal lettna,
no er det tungaste Taket vel gjort,
Grunnen vil fastna, og Vegen vil slettna;
Framstig vil fylgja paa Framstig alt fort.
Lat oss no vonast, at Lukka vil vera
Landet so god, at det slepp fyre Strid,
og at vaar Møda si Frukt maatte bera,
at me maa hava ei hyggjeleg Tid!

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.