9 Det land, som hugar meg best

(1855)

Her er det Land, som hugar meg best,
og hit hev’ eg lengtat lenge;
her var det stødt, som Hugen var fest
og gjekk i sitt gamle Gjenge.
Vida hev’ eg flutt og faret i Kring,
aldri saag eg slike hyggjelege Ting,
Ja, myket hev’ eg seet,
og meir hev’ eg frett,
men her hev’ eg seet det beste.

Her heve alt ein vænare Lit,
han gjerer meg so godt i Hjarta;
her er det rett, som alt hadde Vit
og kunde baade læ’ og garta.
Folket og eg er like som eitt;
alt kvat dei segja, skynar eg so greidt,
og aldri er der Ord
paa all den vide Jord,
som ganga meg so til Hjarta.

Her kann eg kjenna Bygder og Bol
og Berg i so ymsa Rader.
Fjøra og Fjell og Himmel og Sol
er tekkar’ en andre Stader.
Saart hev’ eg saknat Heimen ei Tid,
difyr’ er han no so kjær og so blid.
Lat koma kvat, som kann,
eg møter som ein Mann,
og aldri fer eg ut or Landet.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.