
Regissøren
Jostein Nerbøvik tok initiativet til Ivar Aasen-tunet i 1990, og han leidde dette arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000.
Jostein Kjell Nerbøvik, historikar. Han lærte ein heil generasjon studentar historia om demokratiseringa av Noreg på 1800-talet og viste kva historisk innsikt kan brukast til i praktisk arbeid.
Nerbøvik blei fødd i Volda 10. juli 1938 og døydde i Oslo 18. mars 2004. Han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1967, var vit.ass. same staden 1967–69 og lektor ved Nordens folkhögskola, Biskops-Arnö 1969–71. Han var høgskulelektor, seinare førstelektor, ved Telemark distriktshøgskule 1971–82 og ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda frå 1982. Der var han professor, dr.philos, 1993–2004.
Nerbøvik var ein av dei fremste sakprosaforfattarane på nynorsk på 1900-talet, med ein særmerkt stil og eit uvanleg rikt ordtilfang. Han skreiv læreboka Norsk historie 1870–1905 (1973), med mange seinare utgåver. Med Volda-soga 1800–1945 i fire band 1997–2004 sette han ein ny standard for norsk lokalhistorie.
Hausten 1990 tok han initiativet til Ivar Aasen-tunet, og han leidde dette arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000. Undervegs drog han store vekslar på sine innsikter som historikar innanfor demokrati, manøvrering og handlekraft.
Frå Ottar Grepstad: «Jostein Nerbøvik», Allkunne.no, sist oppdatert 30.4.2013: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/n/jostein-nerbovik//97/1297/ [lesedato 31.8.2018]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren.
Måndag 30. august 1993
Invitasjonen gjekk ut 16. april 1993. 15 fylkeskommunar, kommunar, institusjonar og organisasjonar blei inviterte til å «gå inn som skiparar av og med rett til å oppnemne styremedlemer i den planlagde Ivar Aasen-stiftinga». Måndag 30. august møttest representantar for 14 av dei på Møre Folkehøgskule i Ørsta og skipa stiftinga. Før året var omme, var 14 blitt til 18. I 2018 hadde stiftinga 24 stiftarar og partnarar.
Tildriv og føresetnader
Eit dødsfall var utgangspunktet, eit besøk blei vendepunktet.
Eldsjela
Jens Kåre Engeset, skule- og museumsmann, var styreleiar for Ivar Aasen-museet i 35 år og var med i brukargruppa som planla Ivar Aasen-tunet fram mot opninga i juni 2000.
Frå stemne til festival
I Aasen-tunet blei det fram til 1960-åra arrangert meir eller mindre årvisse stemne. Jostein Krokvik frå Vestmannalaget slo i Jul på Sunnmøre 1983 frampå om årlege stemne i Aasen-tunet att, Aasen-dagar, som han også kalla det. Aasen-museet såg seg ikkje syn med å ta på seg den oppgåva også.
Krokfot på sjarmøretappen
Ivar Aasen-året 1996 til hundreårsminnet om Ivar Aasens død opna med 1500 i fakkeltog opp til Ivar Aasen-museet 31. desember 1995. Fire månader ut i året myldra det alt av arrangement som heidra mannen, verket og språket. I Ørsta og Volda tok året ei uventa vending.
Aasen-tunet med variasjonar
«Den første turen er den viktigaste», sa Sverre Fehn til Møre-Nytt då han kom til tomta i tunet 20. mars 1996. Der og då såg han det motsette av det alle andre hadde tenkt – at nybygget måtte reisast tett inntil dei museumsbygningane som alt var der.
Torsdag 22. juni 2000
Utdrag frå tale ved opninga ved styreleiar Narve Bjørgo.
Allkunne
Det tok til som eit fellestiltak mellom Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget. Ideen om eit leksikon på nynorsk blei lausleg drøfta på eit første møte i februar 1999 med den faste konklusjonen at det må bli digitalt. Stortinget løyvde dei første driftsmidlane i statsbudsjettet for 2007, og med prosjektet 1001 tekstar blei mottoet flest mogleg tekstar for midlar ein ikkje visste kor lenge ein ville ha.
Premiere i Ulvik
Olav H. Hauge-stiftinga vart stifta i 2000 av Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad. Bodil Cappelen, som var gift med Olav H. Hauge frå 1978, selde boksamlinga hans til Ulvik herad. Heradet gav denne vidare til Stiftinga, som heile tida har arbeidd for å få til eit senter om Hauge og diktinga hans.
Grunnlaget
Historia tek kanskje til i 1885, 1898 og 1937.
Torsdag 6. april 2017
Pressemeldinga var ute før kommunestyremøtet var omme. Torsdag 6. april 2017 godkjende Vinje kommunestyre ein overtakings- og driftsavtale med Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret for dikting og journalistikk.