Nedibryte

På Helgeland finn vi ordet nedibryte (neribrytæ)...

(substantiv hokjønn)
På Helgeland finn vi ordet nedibryte (neribrytæ) for flatbrød i file (tettemjølk, rømmekolle). Namnet kan forklarast av at ein bryt flatbrød og et det i mjølk, som flatbrødsoll. I Beiarn nyttar ein nemninga mjølkabrød (melkabrød) om same maten. Matstellet kan skifta mellom landsdelane, og namna på vanlege matrettar med det. Ofte er namna ulike, men føda den same.