Olmose

ein som treng hjelp

(hokjønn)
Olmose er eigentleg same ordet som "almisse", som det heiter på bokmål. På norrønt mål heitte det "olmusa", så ordrøtene er lange. Det er helst folk vestanfjells, i dalstroka austpå og i Trøndelag som har dette ordet i målføra sine. Ofte kan "ei olmose" vera "eit hjelpelaust og stakkarsleg menneske" også, altså ei(n) som treng hjelp.