Øyreteve

Særleg på Austlandet kan ein somstad bruka...

(substantiv hokjønn)
Særleg på Austlandet kan ein somstad bruka teve om ein dask (med handa). Betre kjent er ordet i samansetninga øyreteve 'øyrefik'. Ein dask over øyra med flat hand fører med seg eit visst vinddrag, og teve kan ha samanheng med hankjønnsordet tev i tydinga 'pust, andedrag'.