Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?

Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?

Lyrikkseminaret "Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?" blir arrangert på Hauge-senteret 14.-15. november 2019. Seminaret vil konsentrere seg om korleis tenkemåtar og filosofiar trer fram i lyriske former og tek del i ulike diktunivers. Med spørsmålet «kva kan vi lære av diktet» vil vi forsøke å få tenkinga i diktet til å vise seg.

At det finst samband mellom poesi og filosofi kan ein sjå ved å stille spørsmål til diktet om korleis verda er, kva menneskeleg erkjenning er, og ikkje minst er diktet ofte medium for moralske synspunkt og diskusjonar. Lyrikk kan med andre ord gå inn i problemstillingar som lesarar kan lære av og reflektere rundt. Det tyder også at filosofiske perspektiv kan opne opp dikt for lesarar.

På seminaret vil 14 lyrikk-lesarar med bakgrunnar frå forsking, litteraturkritikk, pedagogikk, psykologi og andre yrkes- og fagfelt innleie om tema.

Program

Torsdag 14. november

11.15-13.00 Første sesjon.

Kort velkomst.

Eirik Vassenden: "«La meg få bruke deg som farkost». Moderne læredikt (fra Rolf Jacobsen til Inger Elisabeth Hansen og videre)"

Trude-Kristin Mjelde Aarvik: "Folkeopplysning i poesien, moraliserende eller opplysende? Hva kan vi lære av Henrik Wergelands folkeopplysningspoesi?"

Kjersti Rognan Solbu: "Nytteverdi og vedunderkraft: Kva kan ei gruppe yrkesfagselevar med kort butid i Noreg (og læraren deira) lære av diktet?"

13.00-14.00 Lunsj

14.00-15.00 Andre sesjon

Stein A. Hevrøy: "Kva er det? Ei lesing i Kjartan Hatløys lyrikk."

Julie Holdal Hansen: "Sammenfiltrede kategorier i Morten Langelands Den egentlige kommunen."

15.00-15.15 Pause

15.15-16.15 Tredje sesjon

Ingrid Nielsen: "«raunijaR». Om lesing, erfaring og tyding av dikt."

Sandra Lillebø: "Hvordan tenke? En personlig lesning av Alain Badious Que pense le poème?"

20.30 på Syse gard: Olav H. Hauge-stipendvinnar Erlend Nødtvedt les frå si siste diktsamling Slekter.

 

Fredag 15. november

10.00-11.00 Første sesjon.

Fredrik Parelius: "«Seddu» og satori. Elementer av zen i Olav H. Hauges «Eg stend eg, seddu»."

Silje Solheim Karlsen: "Ædnan – tapet av landet, språket og den samiske livsrytmen."

11.00-11.15 Pause

11.15-12.45 Andre sesjon

Torberg Foss: "Hva gjør et dikt interessant for en psykoanalytiker?"

Silje Harr Svare: "Lyrikk som ansvar, fellesskap eller isolasjon? Mest om Ida Börjels langdikt MA, og litt om nyere postfreudiansk psykoanalytisk teori (relasjonell psykoanalyse)."

Hadle O. Andersen: "Språk og diskurs i strukturorientert poesi."

12.45-13.45 Lunsj

13.45-14.45 Tredje sesjon

Ole Karlsen: "Hva tenker sonetten?"

Torgeir Skorgen: Tingenes stille verden: "Rilke og tingsdiktets filosofi."

15.15 Heimreise med buss frå Ulvik til Voss

Seminaret er støtta av Nynorsk kultursentrum og Fritt ord, og er arrangert av Olav H. Hauge-senteret og nettverket for poetisk tenking.